Leiaren har ordet

Det har vore eit spesielt og innhaldsrikt år for oss i Fjord Base Gruppen. Etter mange tiår med lokalt eigarskap, kom Ancala inn som ny majoritetseigar 17. mars i år. Vi tilsette og Florø-samfunnet har mykje å takke dei to gründerane Per Nødseth og Oddgeir Igland for: Frå den vesle starten i 1985, har Fjord Base utvikla seg til landets største forsyningsbase og utgjer i dag ei viktig industriklynge med 63 bedrifter med 650 tilsette.

Fylkeskommune og Innovasjon Norge har gjeve dette industriområdet status som «grøn hub», fordi vi allereie viser veg i det grøne skiftet med blant anna initiativ innan grøne drivstoff, havvind og landbasert oppdrett. Aktiviteten på Fjord Base har store og positive ringverknader for Florø og jamvel heile Kinn kommune. Etter ein periode med salsprosess, var avklaring i mars ein viktig milepåle:

Vi har no eigarar som satsar fullt og heilt på vidare utvikling av Fjord Base, noko som vil sikre sysselsettinga også i åra som kjem!

Frå eit lite industriområde – til Norges største forsyningsbase

På årets Tempo-seminar fekk vi den fasinerande historia om kva apparat som er i sving for å minimalisere tida på pit stop for dekkskifte under Formel 1 Racing. Det er kanskje ikkje like glamorøst på kaia på Fjord Base, der vi jobbar for så kort liggetid for fartøya som mogeleg. Eit stort apparat er likevel i sving for lossing og lasting, og vi har tatt i bruk eigenutvikla, digital samhandlingsplattform for å effektivisere logistikken.

Her i haust fekk våre tilsette mykje, god skryt då eit spesialfartøy oppnådde så «rekordlåg pit stop» på Fjord Base at fartøyet jamvel kunne hente inn att ei forseinking og kome i rute att. Fornøgde kundar er viktig for oss og med dyktige tilsette og ein velfungerande forsyningsbase oppnår vi også generelt høg kundetilfredsheit. Verdiane våre «pålitelig, innovativ og lagspiller» (forkorta PIL), reflekterer også at kunden er viktig for oss, der vi legg vekt på å skape berekraftige verdiar for kundane, at vi er løysingsorienterte og at vi skal vere ein god samarbeidspart og trygg leverandør.

Mahmoud er ein av dei som sørgar for at fartøya får så kjapp pitstop som mogeleg. Foto: Emil Rasmussen/ Vookal

Våre grøne initiativ får naturleg nok mykje merksemd, men det er forsyning til olje- og gassindustrien som utgjer dagens verdiskaping og sysselsetting på Fjord Base. Vi vil framover vidareutvikle vår del av forsyningskjeda og redusere klimaavtrykket, og slik bidra til at norsk sokkel opprettheld sin konkurransedyktige posisjon. «Vi kobler mennesker og teknologi for å bygge Fremtidens Fjord Base» er visjonen vår, og eksempelet over med bruken av vår digitale samhandlingsplattform for å planlegge og gjennomføre logistikkoperasjonar er ein direkte realisering av visjonen.

Gjennom snart 40 år har vi utvikla base og logistikk-kompetansen, og no tek vi i bruk nytt, digitale verktøy og bruk av kunstig intelligens i ei stadig forbetring av våre leveransar.

Sjølv om produksjon av olje- og gass får stadig lågare klimaavtrykk, så vil fossil energi ein gong i framtida verte erstatta av fornybar energi. For å realisere visjonen vår om framtidas Fjord Base, er det derfor nødvendig å utvikle nye, grøne næringar på Fjord Base. Med Ancala som ny majoritetseigar, har vi fått tilgang på både kapital og eit nettverk av kompetanse, avgjerande for å lukkast med den langsiktige satsinga vår på nye, grøne næringar. Vi har som mål at allereie innan 2030 skal 30% av inntektene våre kome frå grøn næring. Det er eit ambisiøst mål, men også ei nødvendig omstilling.

Nye grønne satsingar kombinert med eksisterande aktivitet vil prege året som kjem. Bilde: Emil Rasmussen, Vookal

Montasje av havvindturbinar er den grøne næringa som på sikt vil kunne oppretthalde sysselsettinga på Fjord Base etter at oljealderen gradvis trappar ned og vert fasa ut. Utfordringa er at ingen veit kor fort norsk produksjon av olje og gass vert redusert og kor tid produksjonen vil stenge ned. Fram til 2030 ser det faktisk ut til at den olje- og gass relaterte aktiviteten på Fjord Base vil auke, takka vere stimulerande skattepakkar frå tida med koronapandemi.

Uansett kor montasjen av havvindturbinar finn stad langs norskekysten, er det ikkje er nok, ledig industriareal for å ta imot denne planlagde aktiviteten. Også vi må sjå etter tilleggsareal og har spelt inn forslag til kommunen på korleis sjø- og land kan nyttast for at denne framtidige aktiviteten og verdiskapinga kan skje med utgangspunkt i industriklynga i Florø. I slutten av november, fekk vi InFact til å gjere ein meiningsmåling i Kinn kommune om havvindplanane våre. Mindre enn ein tredjedel er imot at Fjord Base gjer montasje av havvindturbinar. Sysselsetting og tilgang til meir kraftproduksjon er viktige for dei som støttar havvind på Fjord Base. Det er gledeleg å sjå at gruppa under 30 år er mest positiv til havvindplanane våre, og at dei gjev uttrykk for at dette er viktig for miljøet.

Illustrasjonen visar korleis havvindturbinar på Fjord Base kan sjå ut. Illustrasjon: LINK/ MIR/ Multiconsult

HMS står alltid høgt på agendaen. Både kundar og samfunn krev at vi leverer godt på HMS, men først og fremst gjer vi jo dette for at den enkelte arbeidstakar skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø og fordi vi vil at aktiviteten vår skal vere miljømessig berekraftig. Vårt systematiske HMS-arbeid er viktig, men eg rettar også stor takk til dei tilsette sitt bidrag til dei gode HMS-resultata våre.

Ole Schanke Eikum
Konsernsjef

Konsernsjef Ole Schanke Eikum har ordet. Bilde: Emil Rasmussen, Vookal