Nyhet

19. desember 2025

Konsernsjefen 
har 
ordet

I desse dagar er det dobbelt jubileum her på landets største forsyningsbase: Med etablering i desember 1985, kan eigedomsselskapet vårt Fjord Base feire sine 40 år og driftsselskapet Saga Fjordbase kan feire sine 25 år. Over nyttår skal vi markere 40- og 25 års jubilea, saman med både tilsette og Florø samfunnet. Nyleg markerte Havland sine 25 år, og vi gratulerer så mykje med jubileet til vår gode nabo på Gaddholmen.

Opp til ganske nyleg har Per Nødset og Oddgeir Igland hatt sine daglege virke i selskapa og vore med på heile denne fantastiske utviklinga. Desse to gründerane fann kvarandre, greip sjansen i fellesskap og har jobba skulder ved skulder i fleire tiår, mest gjennom oppturar, men også i krevjande tider for selskapa. For å lukkast gjennom 40- og 25 år, så er det grunnleggande at desse to gründerane har gjort mange, gode strategiske grep, og vist vilje til stadig omstilling og innovasjon. Historia fortel også om god relasjonar og viktige støttespelarar undervegs. I dag er Fjord Base ein arbeidsplass for meir 650 personar, og er ei hjørnesteinsverksemd i Florø-samfunnet og med store ringverknader i heile regionen. Det er derfor god grunn til å takke Oddgeir Igland og Per Nødset for satsinga og arbeidet dei har lagt ned, og gratulerer alle tilsette i Fjord Base Gruppen som i dag fører desse stolte verksemdene vidare.
I det vi går inn i desember, har vi den beste HMS-statistikken på lang, lang tid. God kultur, erfarne fagfolk og systematisk jobbing over tid, legg grunnlaget gode HMS-resultat. I 2025 har vi også tatt ekstra gode tak i utvikling av organisasjon og tilsette, med blant anna programmet HMS-Fyrtårn, Industrifagskulen og leiarutviklingsprogram. På HMS-sida har vi også teke i bruk VR-teknologi (Virtual Reality), der vi med VR-briller no kan trene på HMS-driftsoppgåver under heilt trygge forhold. Å ta i bruk ny teknologi på denne måten er eit eksempel på å omsetje verdien vår «innovativ» i praksis.
Aktiviteten på sokkelen er i omstilling: Dei store funna som for eksempel Statfjord, Gullfaks og Troll er erstatta av vesentleg mindre funn som vert bygd ut med såkalla subsea tie-ins. Dette betyr ikkje slutten for olje- og gassnæringa, men igjen må aktørane vise evne til innovasjon og omstilling for å finne berekraftige løysingar. Som eit ledd i dette har operatørane med Equinor i spissen, lagt om dei maritime operasjonane med mål om betre utnytting av fartøya. Sjølv om fartøya no kjem i eit meir vilkårleg mønster, har våre tilsette gjort ein fantastisk innsats med lossing/lasting slik at liggetider ved kai er redusert. Gjennom godt lagspel skal vi vere ein påliteleg leverandør til Equinor og dei andre operatørane på norsk sokkel. I det siste året har vi spelt inn løysingar og tiltak til Equinor som bidrar til god HMS, utsleppsreduksjon og kostnadseffektivitet.
Sjølv om det grøne skiftet går seinare enn vi hadde venta, så vart ein viktig milepåle endeleg nådd med HyFuel sitt investeringsvedtak om etablering av hydrogenproduksjon. Investeringar på nokre hundretals millionar er både sjeldan og stort, ikkje minst her i Florø. Hydrogen er venta å bli eit grønt drivstoff for fartøy, og denne produksjonen vil styrke Florø sin maritime posisjon. Hydrogen produksjonen vil samstundes legge grunnlaget for sirkulærøkonomi med leveranse av overskotsvarme til Havland og bidra til ein god energirekneskap. Saman med Azane Fuel Solution, har vi søkt Enova-støtte til etablering av landbasert terminal for ammoniakk, som også er venta å bli eit viktig grønt drivstoff for fartøy.
Rammevilkåra for norsk havvind kjem gradvis på plass. Fjord Base har gode vilkår for å kunne bli ein god aktør i samanstilling av havvindturbinar, og vi jobbar både med kundar og utvikling av basen for å realisere havvind. Kommune har gjort ein stor og grundig jobb med arealplanen, og vi har bidratt med undersøkingar for å gje eit best mogeleg kunnskapsgrunnlag. Næringslivet ser fram til at arealplanen endeleg skal vedtakast, då den gjev viktige rammer for blant anna den industrielle aktiviteten her på Fjord Base. Nye industriområde må i størst mogeleg grad skje i tilknyting til eksisterande, for å oppnå effektiv arealutnytting gjennom samlokalisering og fortetting, samt at planen tek høgde for industriell utvikling.

I tillegg til areal, er kraftforsyning viktig for utvikling av industri. Det er derfor både gledeleg og viktig at Linja fekk konsesjon for ny kraftforsyning til Fjord Base og Florø. Dagens kraftforsyning har avgrensa kapasitet og Fjord Base har bidratt til at Linja søkt konsesjon for ny kraftforsyning som kjem heile Florø til gode. Den nye kraftforsyninga vil ta utgangspunkt i Guleslettene vindpark og forsyne ny trafostasjon på Fjord Base gjennom linje og sjøkabel.

Sjølv om 25 og 40 år er gått, stoppar ikkje historia der. Som de kan lese i dette Fjord Base Nytt, er det mykje spennande som skjer og vi har framleis ambisjonar om å utvikle ny og framtidsretta industri og næring.

Ole Schanke Eikum, konsernsjef i Fjord Base Gruppen.