Nyhet
17. desember 2025

Fjord Base og SpareBank 1 Sogn og Fjordane har vakse i lag gjennom 40 år. Her med administrerande direktør frå banken Trond Teigene, konsernsjef Ole Schanke Eikum i Fjord Base og banksjef bedrift Jo Dale Pedersen.
– SpareBank 1 Sogn og Fjordane skal vere ei drivkraft i regionen. Vår viktigaste jobb er å sørge for eit velfungerande næringsliv, som sikrar innbyggarane arbeid. Utan bedrifter og arbeidsplassar blir det ikkje levande lokalsamfunn med gode fritids- og kulturtilbod, seier administrerande direktør Trond Teigene og banksjef bedrift Jo Dale Pedersen.
– Vi har vore med på basen i Florø sidan dag ein, og det skal vi vere framover også. Vi er stolte av å vere bank for Norges største forsyningsbase – og vi er definitivt robuste nok til å vere banken til basen, fortel Trond Teigene.
- Vi må vekse i takt med næringslivet, for etterspørselen etter lånefinansiering er veksande, seier Jo Dale Pedersen. Han peikar på at Fjord Base er ein sentral motor. - Når dei får store kontraktar, drar dei med seg ei heil leverandørklynge som faktisk klarer å levere på det nivået som krevst. Vi har mange lokale leverandørar med høg kompetanse, mykje takka vere aktivitetane og krava frå forsyningsbasen. Oljeselskapa våre jobbar etter internasjonal standard, og det merkar ein på både profesjonaliteten og konkurransekrafta i industrimiljøet her.
- Den lokale banken må òg tenke større enn vanleg, meiner Jo Dale Pedersen.
- Vi må skaffe kapital til å utvikle det lokale næringslivet, og vi tek stadig strategiske vegval som sikrar rolla vår som Sogn og Fjordane si største finansieringskjelde for næringslivet. For oss og kundane er det heilt avgjerande at vi har god bransjekunnskap.
Konsernsjef Ole Schanke Eikum bryt inn og løftar blikket mot utviklinga på basen. - Fjord Base er ei stor klynge med 65 bedrifter og 650 arbeidsplassar samla på eit framtidsretta område, seier han. Vi må heile tida omstille oss og tilpasse oss morgondagens krav og behov. Han peikar på konkrete døme. - I dag skjer oljeboring stort sett med subseautstyr, og vi satsar dessutan på ny energi som havvind og hydrogen. Fjord Base Gruppen har planar om investeringar i 100-millionarsklassen i hydrogenanlegg, legg han til. - Alle satsingane våre er ein god match med bedriftene på basen og i byen, og vi er sjølvsagt avhengige av at banken forstår og møter behova våre.
– Når vi skal vere med og hjelpe bedrifter opp og fram, er det to viktige faktorar som spelar inn, forklarar Trond Teigene; det er tillit og relasjon. Alle startar i det små – også basen for 40 år sidan. Vi hadde trua på folka som stod bak. Banken må tore å ta risiko i lag med gründerar, og det startar alltid med folka som står bak, presiserer han. No har vi gått hand i hand med basen gjennom 40 år, og det er fantastisk å sjå kva dei har fått til.
– Eit viktig fortrinn i dag er at arealet og infrastrukturen er på plass, og ikkje minst kompetansen til både eigarane og dei som jobbar her, seier Jo Dale Pedersen. - At verdiane ligg på basen, og at dei ikkje kan flyttast vekk er ein enorm stor verdi for Florø-samfunnet.
Ole Schanke Eikum presiserer òg at basen er godt posisjonert for framtida. - Vi er opptatt av å ha ein sunn og sirkulær økonomi. Akkurat no er tilgang på kraft eit sentralt tema for oss, understrekar han. Dei tre er einige om at det er avgjerande for framtida og for tryggleiken til næringslivet, arbeidsplassane og byen.
Les meir om banken sine tenester på sparebank1.no