Nyhet
17. desember 2025

Kinn kommune gratulerer Fjord Base med 40 år!

Ordførar Bengt Solheim-Olsen i Kinn kommune gratulerer Fjord Base med 40-års jubileum!
Det er 40 år sidan eventyret Fjord Base starta. Sidan etableringa i 1985 har basen gått frå ein visjonær idé til å bli Norges største forsyningsbase. Gjennom konti-nuerleg utvikling, innovasjon og samarbeid har Fjord Base sett eit tydeleg preg på regionen og den norske energisektoren.
Kinn kommune er ein viktig nærings- og utviklingskommune på Vestlandet, med eit mang-faldig og framtidsretta næringsliv. Med strategisk plassering langs kysten, sterke industrielle og maritime tradisjonar og rike naturressursar, er Kinn kommune ein verdiskapar i regionen. Vårt næringsliv spenner frå store internasjonale aktørar til bedrifter med lokalt eigarskap.
Fjord Base, med sine rundt 65 bedrifter og over 650 tilsette, er ein hjørnestein i Florø. Basen representrerer eit unikt industrimiljø der samarbeid, kompetanse og berekraft går hand-i-hand. Det langvarige samarbeidet mellom Kinn kommune og Fjord Base har vore avgjerande for suksessen og har skapt mange arbeidsplassar, vekst og tru på framtida.
Vi gratulerer Fjord Base med 40-års jubileum, og ønskjer dei lykke til vidare med utviklinga av ein sterk og konkurransedyktig industri.
Bengt Solheim-Olsen
Ordførar i Kinn kommune

Ordførar Bengt Solheim-Olsen i Kinn kommune gratulerer Fjord Base med 40-års jubileum!