Fjord Base Nytt | juni 2024

Leiaren har ordet

Nyleg kunne vi feire 15 samanhengande månader utan nokon som helst skade på våre tilsette. Dette er eit resultat vi er stolte av. Det kjem etter god innsats i alle ledd, og fordi vi har tilsette med lang og god erfaring med dei arbeidsoperasjonane vi utfører. Vi kan likevel ikkje kvile på tidlegare gode og oppnådde HMS-resultat. Vi må stadig vere årvakne, tenke tryggleik og systematisk utvikle HMS-arbeidet vårt og kompetansen vår, slik vi gjer gjennom programma HMS Fyrtårn og Industrifagskulen.

Første halvår har vore prega av uvanleg store svingingar i aktiviteten på Fjord Base. Produksjonsboring på dei felta vi forsyner vest om Florø, som har bidratt til stabil aktivitet, er redusert. Leiteboring har derfor dominert forsyningsaktiviteten vår. I sin natur er leiteboring meir uforutsigbar og for 2. kvartal har vi fått den såkalla ketchup-effekten der all aktivitet kjem på same tid. Men våre tilsette tek utfordringa og vi viser nok ein gong at vi har evne og vilje til å levere det kundane våre ønskjer!

Ole Schanke Eikum
Konsernsjef i Fjord Base Gruppen har ordet i denne saken

Equinor fornya nyleg røyrkontraktane med Petroleum Service, Ramco, Parker Wellbore og Tuboscope. Dette er svært gledeleg for alle på Fjord Base og vi gratulerer så mykje med dei ferske kontraktane. Røyrhandtering er svært viktig for Fjord Base, ettersom mange selskap og sysselsette er engasjerte i denne verdikjeda. Dei inntil 9-årige kontraktane vil styrke Fjord Base som det fremste miljøet for handtering av røyr i landet, eller OCTG som det heiter på fagspråket.

Medan olje og gassaktiviteten held eit godt nivå framover, førebur vi oss for å bli ein framtidig base for havvind. Vi planlegg no kaiar og infrastruktur for saman-stilling av havvindturbinar på Naust-holmen. For større havvindprosjekt, ser vi på korleis eksisterande baseareal kan utnyttast, og samarbeid med andre basar. Vi ser også på behovet for areal. Bruk av nytt areal har fått stor merksemd, ikkje minst lokalt med arealplanarbeidet i kommunen. Vi står ovanfor fleire dilemma nasjonalt og lokalt, og fordelar og ulemper med å ta i bruk nytt areal må vegast opp mot kvarandre. Vi vil bidra til å belyse problemstillingane og bidra til å gje politikarane best mogleg underlag for vedtaka. Investeringane vi ønskjer å gjere i kaiar og infrastruktur vil gje positive ringverknader for Florø-samfunnet. Montasje av havvind vil styrke og vidareutvikle fagmiljø som Florø-samfunnet allereie er i landstoppen på.

Vår visjon er å koble menneske og teknologi saman for å byggje framtidas Fjord Base. For snart to år sidan lanserte vi Saga Connect, ei løysing for operasjonell samhandling og logistikkplanlegging. I dag nyttar 45 selskap og over 200 brukarar løysinga dagleg. Dette har gitt resultat. Sidan oppstarten har vi redusert snutid på fartøy med 26 %, forhaling med 30 % og oppnådd ei årleg CO2-reduksjon på nærmare 300 tonn. Dette er vi stolte av! I tillegg til direkte økonomiske innsparingar, bidreg Saga Connect også til å redusere risikoen for kostbare forseinkingar for fartøy med destinasjon Fjord Base. Gode støtteordningar frå Kystverket og dyktige tilsette i Fjord Base Gruppen har vore viktige for å utvikle Saga Connect. Siste nytt er lanseringa av Marknadsplass, som skal gi fartøy tilgang til endå fleire tenester frå Fjord Base-miljøet gjennom Saga Connect.

– Vi nærmar oss 40 års lang og god erfaring som base- og logistikkselskap, men vi er framleis innovative og endringsvillige for å møte kundane og samfunnet sine behov.

Fjord Base Gruppen har gjort ei omorganisering. Aktiviteten er som før, men med færre selskap og ein enklare struktur. Føremålet er å styrke fagmiljøa og samhandlinga i gruppa vår, for å yte endå betre leveransar til våre eksisterande og nye kundar. For å ytterlegare styrke identiteten og profilen vår som forsyningsbase for både olje, gass og fornybart, vil vi lansere ny logo og grafisk profil. Vi får også heilt nye heimesider der både samfunnet rundt oss og kundar finn god informasjon om kven vi er, og kva vi kan levere av tenester.

Nyheter & pressemeldinger

Siste nytt

photoevent

Side 19: Equinor